Bu i Sunnfjord. Jobb remote.
I Sunnfjord kan du velje om du vil bu og arbeide urbant i Førde, eller om du vil finne roa ved å bu meir landleg til, til dømes på Skei i idylliske Jølster. Uansett om du føretrekkjer urbane eller naturskjønne omgjevnader, eller noko midt imellom, finst det mykje å velje mellom.
Skei, ved austenden av Jølstravatnet, er knutepunktet på mellom nord, sør og aust i Sogn og Fjordane. Og Førde er det største handelsknutepunktet mellom Bergen og Ålesund. Der har du alt i umiddelbar nærleik. Berre ein kort sykkeltur unna sentrum har du fjorden, fjelltoppar og aktivitetar. Førde er kanskje også den mest spennande småbyen i Noreg når det kjem til innovasjon og entreprenørskap. Menneska, miljøet og selskapa dei har klart å etablere her, er utan sidestykke. Og du kan bli ein del av det.
No har vi tilrettelagt for at du enklare kan flytte hit, samstundes som du kan ta med deg jobben du allereie har. Med gratis kontorplass det første året på PEAK Sunnfjord coworking, eller i kontorfellesskap på Skei i Jølster, kan du i alle fall roe arbeidsgjevaren med at du blir sitjande i eit spennande, framoverlent og inspirerande miljø.